Kommuneopprøret samlar offentlege tal om kommuneøkonomi på éin stad, slik at innbyggjarar, tillitsvalde og lokalpolitikarar kan sjå kva som faktisk skjer i si eiga kommune – og samanlikne med nabokommunane, fylket og landet.
SSB KOSTRA
Rekneskap for kommunekassa og kommunekonsernet: inntekter, utgifter, gjeld, fond, premieavvik, arbeidskapital og investeringar
SSB tenestestatistikk
Barn per årsverk i barnehagen (13502), elevar og lærarårsverk (11971/11981) og årsverk per brukar i omsorgstenesta (12209)
SSB befolkning og inntekt
Folketal og framskriving, gjennomsnittsalder, hushaldsinntekt, låginntekt (EU60) og Gini-koeffisient
SSB sosialhjelp
Utbetalt sosialhjelp, talet på tilfelle og stønadstid (13995 og 14019)
SIFO/OsloMet
Referansebudsjett for forbruksutgifter, brukt som målestokk for livsopphald
Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Statlege rettleiande satsar for økonomisk stønad (rundskriv A-1)
Huseiernes bokostnadsindeks og SSB
Kommunale gebyr, eigedomsskatt, bustadprisar og leigeprisar
Wikipedia
Ordførarar og styringsparti i kommunane
Tala blir henta automatisk frå data.ssb.no og oppdaterte når SSB publiserer nye tal.
Alle tala blir henta direkte frå dei offentlege API-ane, og kvar graf viser kva tabell tala kjem frå. Ingen tal er rekna om utan at det står kva som er gjort.
Total gjeld er langsiktig gjeld utanom pensjonsforpliktingar pluss lån. Gjeldsandel er total gjeld delt på eigedelar. Driftsmargin er driftsresultat delt på driftsinntekter.
Samanlikningane viser kommunen mot fylkessnittet, landssnittet, nabokommunane (kommunar med felles grense) og storbysnittet for Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger. Snitt er vekta der det er fagleg rett.
Kommune- og fylkessamanslåingar er markerte med ei stipla linje i historikkgrafane, og tala er henta på den gamle koden før endringa, slik at utviklinga er samanliknbar bakover i tid.
«Verst i landet»-listene rangerer alle kommunar med tal for det nyaste året. Du kan avgrense listene til eitt fylke for å samanlikne nabokommunar.
Sosialhjelpstala blir sette opp mot SIFO-budsjettet og den statlege rettleiande satsen. Det finst ingen offisiell statistikk per kommune for kor mange som lever under SIFO-budsjettet, og kommunale minstesatsar finst ikkje i noko nasjonalt datasett.
Sida er laga av Per Arne Flatberg – paffen@gmail.com
Finn du ein feil i tala, eller saknar du ein graf? Send ein e-post, så blir det retta. Del gjerne – tala er offentlege og skal brukast.